Egenferd!
4 stykker valgte seilas tur/retur Kristiansand i 7 dager!
3 stykker valgte kajakkferd i Tvedestrandsfjorden. Andre valgte dagsturer med skolen som utgangspunkt.
Eigenferd til Kristiansand!
Ferda starta den 21.03.12. Vi var fire kjekke karar som skulle på sin
første store segltur åleine. Vermeldinga viste sol og perfekte
vindforhold. Denne månaden skulle nye varmerekordar setjast. Vi rigga,
pakka båten og sette kursen mot Kristiansand. Vermeldinga tala røynda, og
me målte heile 30 gradar i sola. Vi fekk oppleve alle byane langs kysten,
segla gjennom Blindleia og ute på det opne hav. Destinasjonen vart nådd ein
dag før skjema, og vi fekk ein ekstra dag i byen til rådigheit. Vi møtte og
vart kjend med mange forskjellige folk i kvar hamn. 28.03.12 la vi til på
Risøya og seilasen var over. Turen gav oss mange gode erfaringar som vi kan
ha med oss resten av livet. Vi kan og sjå tilbake på ein uforgløymeleg tur
i gode veners lag.





